Tekst og bilde Andrea Lie Kjøndal
Publiseringsdato 08.11.2026
Gjer som eg seier, ikkje som eg gjer
Det må eg bringe vidare til mine framtidige born
Fortelje dei om kva eg gjorde
Då eg steig ut i mørket og braut samfunnets normer og reglar
Stod i kontrast til dei som skein som englar
Gong på gong skjedde det
Eg kan skylde på at eg berre gløymde
Skrive frå meg ansvar og meine desse reglane ikkje passa meg
Resultatet er det same, sjølv korleis ein vrir og vender på det
Eg hugsar faen meg aldri å ta på meg refleks